4. Mosebok 13:5-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. for Simon-stammen Sjafat, son til Hori;

6. for Juda-stammen Kaleb, son til Jefunne;

7. for Jissakar-stammen Jigal, son til Josef;

8. for Efraim-stammen Hosea, son til Nun;

9. for Benjamin-stammen Palti, son til Rafu;

10. for Sebulon-stammen Gaddiel, son til Sodi;

11. for Josef-stammen, det vil seia Manasse-stammen, Gaddi, son til Susi;

12. for Dan-stammen Ammiel, son til Gemalli;

13. for Asjer-stammen Setur, son til Mikael;

14. for Naftali-stammen Nahbi, son til Vofsi;

15. for Gad-stammen Ge'uel, son til Maki.

16. Det var namna på dei mennene som Moses sende for å utforska landet. Men han gav Hosea, son til Nun, namnet Josva.

17. Då Moses sende dei av stad for å utforska Kanaan-landet, sa han til dei: «Dra opp til Negev og vidare opp i fjellet!

18. Sjå korleis landet er, og om folket som bur der, er sterkt eller veikt, lite eller stort.

19. Korleis er landet dei bur i, er det godt eller dårleg? Kva slag byar held dei til i, er det teltleirar eller festningsbyar?

20. Og korleis er jorda, grøderik eller mager? Veks det tre der eller ikkje? Ver modige og ta med noko av førstegrøda i landet!» Det var tida for dei første druene.

21. Så tok dei av stad og utforska landet frå Sin-ørkenen til Rehob ved Lebo-Hamat.

22. Dei drog opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Ahiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygd sju år før Soan i Egypt.

4. Mosebok 13