4. Mosebok 13:28-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er festningsbyar og svært store. Der såg vi anakittar òg.

29. I Negev bur det amalekittar, i fjellandet bur det hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.»

30. Kaleb roa ned folket framfor Moses. «Kom, så går vi opp og tek landet i eige!» sa han. «Vi kjem heilt sikkert til å sigra over dei!»

31. Men dei mennene som drog opp saman med han, sa: «Vi kan ikkje gå til åtak på dette folket, for dei er sterkare enn vi.»

32. Dei sette ut rykte blant israelittane om landet dei hadde utforska. Dei sa: «Det landet vi drog gjennom og undersøkte, er eit land som et opp dei som bur der. Og alle folka vi såg, var storvaksne menn.

33. Der såg vi kjemper òg – anakittane høyrer til kjempene. I eigne auge var vi som grashopper, og det var vi i deira auge òg.»

4. Mosebok 13