4. Mosebok 12:11-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Han sa til Moses: «Herre, straff oss ikkje for ei synd vi har gjort i vår dårskap.

12. Lat ikkje Mirjam vera lik eit dødt foster som er halvt borttært når det kjem ut or mors liv!»

13. Då ropa Moses til Herren: «Gud, gjer henne frisk!»

14. Men Herren svara Moses: «Om far hennar hadde spytta henne i andletet, måtte ho ikkje då sitja med skam i sju dagar? Ho skal stengjast ute frå leiren i sju dagar. Sidan kan ho koma inn att.»

15. Så stengde dei Mirjam ute frå leiren i sju dagar, og folket braut ikkje opp før ho var komen inn att.

16. Men då drog dei vidare frå Haserot og slo leir i Paran-ørkenen.

4. Mosebok 12