15. frå Naftali: Ahira, son til Enan.
16. Dette er dei utvalde frå forsamlinga, leiarane for fedrestammane deira, overhovuda for Israels tusen.
17. Moses og Aron tok med seg desse mennene som var nemnde med namn.
18. Så kalla dei heile forsamlinga saman, den første dagen i den andre månaden. Alle som var tjue år eller meir, vart innførte i namnelister etter slekter og familiar, hovud for hovud.
19. Moses mønstra folket i Sinai-ørkenen, slik Herren hadde pålagt han.
20. Etterkomarane av Ruben, Israels førstefødde, vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne, hovud for hovud.
21. 46 500 vart mønstra i Ruben-stammen.
22. Etterkomarane av Simon vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart mønstra, hovud for hovud.
23. 59 300 vart mønstra i Simon-stammen.
24. Etterkomarane av Gad vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne.
25. 45 650 vart mønstra i Gad-stammen.
26. Etterkomarane av Juda vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne.
27. 74 600 vart mønstra i Juda-stammen.
28. Etterkomarane av Jissakar vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne.
29. 54 400 vart mønstra i Jissakar-stammen.
30. Etterkomarane av Sebulon vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne.
31. 57 400 vart mønstra i Sebulon-stammen.
32. Etterkomarane av Efraim, son til Josef, vart innførte i listene, slekt for slekt og familie for familie. Alle stridsføre som var tjue år eller meir, vart innskrivne.
33. 40 500 vart mønstra i Efraim-stammen.