3. Presten skal kle seg i linkjortel og bera ei bukse av lin nærast kroppen. Han skal ta bort oska etter brennofferet som elden har tært opp på altaret, og leggja henne attmed altaret.
4. Så skal han ta av seg kleda, ha på seg andre klede og bera oska ut av leiren, til ein rein stad.
5. Elden på altaret skal brenna og ikkje sløkkjast. Kvar morgon skal presten brenna ved på det, leggja brennofferet til rette på veden og la feittet av fredsofferet gå opp i røyk.
6. Det skal alltid brenna eld på altaret; han må ikkje slokna.
7. Dette er lova om grødeofferet: Arons søner skal bera det fram for Herrens andlet, fram til altaret.
8. Presten skal ta ein neve av det fine mjølet og oljen til grødeofferet og all røykjelsen som er lagd på grødeofferet, og la det gå opp i røyk på altaret. Det er eit påminningsoffer til godange for Herren.
9. Det som er att av offeret, kan berre Aron og sønene hans eta. Det skal etast usyra på ein heilag stad. I føregarden til teltheilagdomen skal dei eta det.
10. Det må ikkje bakast med surdeig. Dette er den delen eg har gjeve dei av gåveoffera mine. Høgheilagt er det, på same måten som syndofferet og skuldofferet.
11. Berre dei mennene som er ætta frå Aron, kan eta det. Dette er ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter om Herrens gåveoffer. Kvar den som rører ved dei, blir heilag.
12. Herren sa til Moses: