10. Det må ikkje bakast med surdeig. Dette er den delen eg har gjeve dei av gåveoffera mine. Høgheilagt er det, på same måten som syndofferet og skuldofferet.
11. Berre dei mennene som er ætta frå Aron, kan eta det. Dette er ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter om Herrens gåveoffer. Kvar den som rører ved dei, blir heilag.
12. Herren sa til Moses:
13. Dette er det offeret som Aron og sønene hans skal bera fram for Herren den dagen ein av dei blir salva: ein tiandedels efa fint mjøl. Det er det daglege grødeofferet som dei ber fram, halvparten om morgonen og halvparten om kvelden.
14. Med olje skal det lagast til på ei helle, og godt knadd skal det vera når dei kjem med det. Du skal dela det opp i småstykke og ofra det som grødeoffer, til godange for Herren.
15. Den av Arons søner som blir salva til prest i staden hans, skal laga det til. Dette er ei evig forskrift frå Herren. Heile offeret skal gå opp i røyk.
16. Alle grødeoffera til presten skal vera heiloffer; dei må ikkje etast.
17. Herren sa til Moses:
18. Sei til Aron og sønene hans:Dette er lova om syndofferet: På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal syndofferdyret òg slaktast for Herrens andlet. Høgheilagt er det.
19. Presten som ber fram syndofferet, skal eta det. På ein heilag stad skal det etast, i føregarden til teltheilagdomen.
20. Kvar den som rører offerkjøtet, blir heilag. Om nokon får blod skvetta på kleda, skal dei vaskast reine på ein heilag stad.
21. Leirkar som det blir kokt i, skal knusast. Dersom det er kokt i ein koparkjel, skal han skurast og skyljast med vatn.