1. Herren sa til Moses:
2. Gjev dette påbodet til Aron og sønene hans:Dette er lova om brennofferet: Brennofferet skal liggja på eldstaden på altaret heile natta, til det blir morgon, og der skal altarelden brenna.
3. Presten skal kle seg i linkjortel og bera ei bukse av lin nærast kroppen. Han skal ta bort oska etter brennofferet som elden har tært opp på altaret, og leggja henne attmed altaret.
4. Så skal han ta av seg kleda, ha på seg andre klede og bera oska ut av leiren, til ein rein stad.
5. Elden på altaret skal brenna og ikkje sløkkjast. Kvar morgon skal presten brenna ved på det, leggja brennofferet til rette på veden og la feittet av fredsofferet gå opp i røyk.