3. Mosebok 4:8-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Alt feittet skal han ta ut or syndofferoksen, feittet som dekkjer innvolane, alt feittet som er på innvolane,

9. begge nyrene med feittet innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta bort saman med nyrene,

10. på same måten som det vart gjort med oksen til fredsofferet. Så skal presten la alt gå opp i røyk på brennofferaltaret.

11. Men skinnet av oksen og alt kjøtet, med hovud og bein, innvolar og mageinnhald,

12. heile oksen, skal han ta ut av leiren til ein rein stad, der dei tømmer den feite offeroska, og brenna han opp med ved. På den staden der dei tømmer offeroska, skal han brennast.

3. Mosebok 4