17. Presten skal dyppa fingeren i blodet og skvetta noko av det sju gonger framfor forhenget, for Herrens andlet.
18. Noko av blodet skal han stryka på horna på det altaret som står for Herrens andlet i teltheilagdomen. Resten av blodet skal han hella ut ved foten av brennofferaltaret, det som står framfor inngangen til teltheilagdomen.
19. Alt feittet skal han ta ut or oksen og la gå opp i røyk på altaret.
20. Som han gjorde med den første syndofferoksen, slik skal han gjera med denne òg. Såleis skal presten gjera soning for dei så dei får tilgjeving.
21. Han skal føra oksen ut av leiren og brenna han, slik han brende den første oksen. Dette er syndofferet for forsamlinga.
22. Det kan henda at ein leiar syndar av vanvare, gjer noko eitt av boda til Herren hans Gud forbyr, og slik fører skuld over seg,
23. eller at han blir gjord kjend med ei synd han har gjort. Då skal han koma med ein feilfri geitebukk som offergåve.
24. Han skal leggja handa på hovudet til bukken og slakta han på same staden som dei slaktar brennofferdyret, for Herrens andlet. Dette er eit syndoffer.
25. Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Resten av blodet skal han hella ut ved foten av brennofferaltaret.
26. Alt feittet skal han la gå opp i røyk på altaret, slik han gjorde med feittet av fredsofferet. Såleis skal presten gjera soning for han og for synda hans, så han får tilgjeving.
27. Det kan henda at ein av folket syndar av vanvare ved å gjera noko eitt av Herrens bod forbyr, og slik fører skuld over seg,
28. eller han blir gjord kjend med ei synd han har gjort. Då skal han koma med ei geit som offergåve for synda han har gjort, eit feilfritt hodyr.
29. Han skal leggja handa på hovudet til syndofferdyret og slakta det på same staden som dei slaktar brennofferdyret.
30. Presten skal ta noko av blodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut ved foten av altaret.
31. Alt feittet skal han ta til sides, slik dei gjer med feittet frå fredsofferet. Presten skal la det gå opp i røyk på altaret til godange for Herren. Såleis skal presten gjera soning for han, så han får tilgjeving.