3. Ein mann som er mellom tjue og seksti år, skal ha ein verdi på femti sjekel sølv etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.
4. Er det ei kvinne, skal ho ha ein verdi på tretti sjekel.
5. Er det eit menneske som er mellom fem og tjue år, skal verdien av ein gut vera tjue sjekel og av ei jente ti sjekel.
6. Er det eit barn mellom ein månad og fem år, skal verdien av ein gut vera fem sjekel sølv og av ei jente tre sjekel sølv.
7. Er det eit menneske på seksti år eller meir, skal verdien av ein mann vera femten sjekel og av ei kvinne ti sjekel.
8. Er nokon så fattig at han ikkje kan betala desse pengane, skal dei koma til presten med han, og presten skal setja verdien på han. Presten skal setja verdien etter det han som gav lovnaden, har råd til.
9. Gjeld lovnaden slike dyr som kan ofrast til Herren, skal alt det ein gjev av dei, vera heilagt.
10. Ein må ikkje erstatta det eller byta det ut med eit anna dyr, korkje eit godt med eit ringt eller eit ringt med eit godt. Skulle ein likevel byta eit dyr i eit anna, skal både dyret som blir bytt ut, og det andre reknast for heilage.
11. Gjeld lovnaden eit ureint dyr, eit av dei som ikkje kan ofrast til Herren, skal det leiast fram for presten.
12. Og presten skal verdsetja det etter som det er, godt eller ringt. Den verdien som presten fastset, skal det ha.
13. Men skulle eigaren ønskja å løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien.
14. Når nokon vier huset sitt som ein heilagdom til Herren, skal presten fastsetja verdien, anten det er godt eller dårleg. Den verdien som presten fastset, skal gjelda.
15. Vil den som har helga huset sitt, løysa det inn, skal han betala ein femtedel meir enn det er verdsett til. Då blir det hans.
16. Når nokon helgar eit stykke av odelsjorda si til Herren, skal verdien fastsetjast etter mengda av såkorn: Til ein homer bygg svarar femti sjekel sølv.