3. Mosebok 27:15-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Vil den som har helga huset sitt, løysa det inn, skal han betala ein femtedel meir enn det er verdsett til. Då blir det hans.

16. Når nokon helgar eit stykke av odelsjorda si til Herren, skal verdien fastsetjast etter mengda av såkorn: Til ein homer bygg svarar femti sjekel sølv.

17. Helgar han jorda heilt frå frigjevingsåret, skal den fastsette verdien gjelda fullt ut.

18. Men er det etter frigjevingsåret han helgar jorda, skal presten rekna ut verdien etter dei åra som er att til komande frigjevingsår, og prisen skal setjast tilsvarande ned.

19. Men skulle den som har helga eit stykke jord, ønskja å løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien. Då er det hans for godt.

20. Men løyser han ikkje inn jordstykket, eller sel han det til ein annan, kan det ikkje løysast meir.

21. Når det blir fritt i frigjevingsåret, skal det vera vigd til Herren, på same måten som bannlyst jord. Presten skal få det i eige.

22. Når nokon helgar til Herren eit kjøpt jordstykke som ikkje har høyrt odelsjorda hans til,

23. skal presten rekna ut verdien etter den tida som er att til komande frigjevingsår, og mannen skal betala pengane same dagen. Dei skal vera vigde til Herren.

24. I frigjevingsåret fell jorda tilbake til seljaren, han som har odelsretten.

25. All fastsetjing av verdi skal vera i den vekta dei nyttar i heilagdomen, der ein sjekel er tjue gera.

26. Det som er førstefødd i buskapen, må ingen helga. Fordi det er førstefødd, høyrer det Herren til. Anten det er storfe eller småfe, høyrer det Herren til.

27. Er det ureine dyr, skal ein løysa dei inn etter verdien og leggja til ein femtedel. Blir dei ikkje innløyste, skal dei seljast for verdien.

28. Når ein mann vier noko av alt det han eig, til Herren som bannlyst gods, anten det er folk eller fe eller odelsjord, då må det ikkje seljast og ikkje løysast. Alt bannlyst er høgheilagt og høyrer Herren til.

3. Mosebok 27