3. Mosebok 27:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses:

2. Tal til israelittane og sei til dei: Når nokon vil oppfylla ein lovnad som gjeld menneske vigde til Herren, skal løysesummen fastsetjast slik:

3. Ein mann som er mellom tjue og seksti år, skal ha ein verdi på femti sjekel sølv etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.

4. Er det ei kvinne, skal ho ha ein verdi på tretti sjekel.

5. Er det eit menneske som er mellom fem og tjue år, skal verdien av ein gut vera tjue sjekel og av ei jente ti sjekel.

6. Er det eit barn mellom ein månad og fem år, skal verdien av ein gut vera fem sjekel sølv og av ei jente tre sjekel sølv.

7. Er det eit menneske på seksti år eller meir, skal verdien av ein mann vera femten sjekel og av ei kvinne ti sjekel.

3. Mosebok 27