3. Mosebok 26:36-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Og dei av dykk som er att, vil eg gjera redde der ute i fiendelandet, sjølv lyden av fykande lauv skal jaga dei. Dei skal rømma som ein rømmer for sverdet og falla endå ingen forfølgjer dei.

37. Den eine skal snåva over den andre, som om sverd var etter dei, endå ingen forfølgjer dei. De skal ikkje stå dykk mot fienden,

38. men gå til grunne mellom folkeslaga; fiendelandet skal fortæra dykk.

39. Og dei av dykk som enno er att, skal tærast bort i fiendelandet fordi dei har synda. Ja, dei skal òg tærast bort fordi fedrane deira synda.

40. Då skal dei sanna skulda si og skulda til fedrane. Dei var trulause og sette seg opp mot meg.

41. Difor vil eg òg setja meg opp mot dei og føra dei til fiendeland. Då skal det uomskorne hjartet deira audmjuka seg, og dei skal få bøta for synda si.

42. Så vil eg koma i hug mi pakt med Jakob. Pakta med Isak og pakta med Abraham vil eg òg koma i hug. Eg vil koma landet i hug.

43. Men landet skal bli forlate av dei og ta att sabbatsåra sine medan det ligg audt etter dei. Og dei må bøta for si skuld fordi, ja, fordi dei vanvørde lovene mine og hadde avsky for forskriftene mine.

44. Men likevel vil eg ikkje forakta dei og ha avsky for dei når dei er i fiendeland. Eg vil ikkje gjera ende på dei og ikkje bryta mi pakt med dei. For eg er Herren deira Gud.

45. Til beste for dei vil eg koma i hug pakta med forfedrane, som eg førte ut frå Egypt midt for auga på folkeslaga fordi eg ville vera deira Gud. Eg er Herren.

46. Dette er dei forskriftene, boda og lovene som Herren fastsette mellom seg og israelittane på Sinai-fjellet gjennom Moses.

3. Mosebok 26