3. Mosebok 26:25-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Eg sender mot dykk eit sverd som hemnar paktbrotet. Om de samlar dykk i byane, sender eg pest inn mellom dykk, og de skal gjevast over i fiendehand.

26. Når eg bryt sund brødstaven for dykk, skal ti kvinner steikja brød i ein og same omnen. Dei skal gje dykk brødet etter vekt, og de skal eta, men ikkje bli mette.

27. Dersom de likevel ikkje høyrer på meg, men set dykk opp mot meg,

28. då vil eg for min del setja meg opp mot dykk i vreide og tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.

29. Då skal de eta kjøtet av dykkar eigne søner og døtrer.

30. Eg øyder offerhaugane dykkar, gjer ende på røykjelsesaltara og kastar lika av dykk opp på dei livlause avgudane dykkar; for eg har avsky for dykk.

31. Eg gjer byane dykkar til ruinar og legg heilagdomane i røys. Eg vil ikkje lukta godangen frå offera dykkar.

32. Eg gjer landet audt så fiendane som bur der, blir fælne.

33. Men dykk vil eg spreia mellom folkeslaga, og med sverd i hand vil eg forfølgja dykk. Landet dykkar skal bli til øydemark og byane til ruinar.

34. Då skal landet ta att sabbatsåra sine, heile den tida det ligg i øyde, medan de er i fiendelandet. Ja, då skal landet kvila og ta att sabbatsåra.

35. Så lenge det ligg audt, skal det kvila. Då skal det få den kvila det ikkje fekk i sabbatsåra, medan de budde der.

36. Og dei av dykk som er att, vil eg gjera redde der ute i fiendelandet, sjølv lyden av fykande lauv skal jaga dei. Dei skal rømma som ein rømmer for sverdet og falla endå ingen forfølgjer dei.

3. Mosebok 26