2. Sabbatane mine skal de halda, og heilagdomen min skal de ha age for. Eg er Herren.
3. Dersom de følgjer forskriftene mine og gjev akt på boda mine og held dei,
4. vil eg gje dykk regn i rett tid. Jorda skal gje grøde og trea på marka frukt.
5. Hos dykk skal treskjetida vara heilt til vinhausten, og vinhausten skal vara til kornet blir sådd. De skal eta dykk mette av eige brød og bu trygt i landet dykkar.
6. Eg vil gje fred i landet, og de skal leggja dykk utan at nokon skremmer dykk. Villdyra vil eg rydda ut or landet, og sverd skal ikkje herja i landet dykkar.
7. De skal forfølgja fiendane, og dei skal falla for sverd framfor dykk.
8. Fem av dykk skal jaga hundre, og hundre skal jaga ti tusen. Fiendane skal falla for sverd framfor dykk.