3. Mosebok 23:7-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Den første dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

8. Alle sju dagane skal de bera fram gåveoffer for Herren. Den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

9. Herren sa til Moses:

10. Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, og skjer kornet der, då skal de gå til presten med det første kornbandet de har skore.

11. Han skal svinga det for Herrens andlet så de kan vinna velvilje. Dagen etter sabbaten skal presten svinga kornbandet.

12. Den dagen de svingar kornbandet, skal de bera fram eit årsgammalt lam utan feil som brennoffer for Herren

13. og grødeofferet som høyrer til. Det skal vera to tiandedels mål fint mjøl blanda med olje. Det er eit gåveoffer for Herren til godange. Drikkofferet skal vera ein fjerdedels hin vin.

3. Mosebok 23