4. Dette er Herrens høgtider, dei fastsette tidene då de skal kalla inn til heilage samlingar.
5. Den fjortande dagen i den første månaden, i skumringa, er det påske for Herren.
6. Og den femtande dagen i same månaden er det høgtida med usyra brød for Herren. I sju dagar skal de eta usyra brød.
7. Den første dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.
8. Alle sju dagane skal de bera fram gåveoffer for Herren. Den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.
9. Herren sa til Moses:
10. Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, og skjer kornet der, då skal de gå til presten med det første kornbandet de har skore.
11. Han skal svinga det for Herrens andlet så de kan vinna velvilje. Dagen etter sabbaten skal presten svinga kornbandet.