20. Presten skal svinga dei to lamma for Herrens andlet saman med brøda av førstegrøda. Det er eit svingeoffer for Herrens andlet. Det skal vera vigd til Herren og høyra presten til.
21. Same dagen skal de kalla inn til samling, ei heilag samling skal det vera for dykk. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Dette skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.
22. Når de haustar inn kornet i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att når du har hausta, skal du ikkje sanka inn. Du skal la dei liggja til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.
23. Herren sa til Moses: