3. Mosebok 22:5-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. eller den som kjem nær noko krypdyr som ein blir urein av, eller noko menneske som ein på eit eller anna vis blir urein av.

6. Den som kjem nær noko slikt, er urein heilt til kvelds, og han skal ikkje eta av dei heilage gåvene før han har vaska heile kroppen sin i vatn.

7. Når sola glader, er han rein. Sidan kan han eta av dei heilage gåvene, for det er maten hans.

8. Dyr som er sjølvdaude eller ihelrivne, skal han ikkje eta, for då blir han urein. Eg er Herren.

9. Dei skal halda seg etter det som eg har fastsett, så dei ikkje påfører seg skuld og døyr fordi dei vanhelgar det som er heilagt. Eg er Herren, som helgar dei.

3. Mosebok 22