20. Det kan henda at ein mann har samleie med ei kvinne. Ho er ei slavekvinne som er lova bort til ein annan mann, men er enno ikkje frikjøpt eller frigjeven. Då skal det straffast. Dei skal ikkje døy, for ho er ikkje fri,
21. men han skal koma med eit skuldoffer til Herren, ein vêr, til inngangen til teltheilagdomen.
22. Med skuldoffervêren skal presten for Herrens andlet gjera soning for han og for den synda han har gjort. Så får han tilgjeving for synda han har gjort.
23. Når de kjem inn i landet og plantar allslags tre til å eta av, skal de halda den første frukta dei ber, for urein. I tre år skal frukta vera urein for dykk og ikkje etast.
24. Det fjerde året skal all frukt helgast til Herren på ei gledehøgtid.
25. Først i det femte året kan de eta frukta. Såleis får de større avling. Eg er Herren dykkar Gud.
26. De skal ikkje eta noko med blodet i.De skal ikkje driva med spådomskunster og teikntyding.
27. De skal ikkje runda av håret på sidene og raka skjegget i kantane.
28. De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er Herren.
29. Du skal ikkje vanhelga dotter di ved å la henne prostituera seg, slik at landet driv hor og blir fullt av skamløyse.
30. De skal halda sabbatane mine og ha age for heilagdomen min. Eg er Herren.
31. De skal ikkje venda dykk til gjenferd og ikkje søkja til spådomsånder så de blir ureine ved dei. Eg er Herren dykkar Gud.
32. Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære. Du skal frykta din Gud. Eg er Herren.
33. Når ein innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han.
34. Innflyttaren som bur hos dykk, skal vera som ein av dykkar eigne landsmenn. Du skal elska han som deg sjølv. For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.
35. De skal ikkje gjera urett mot nokon når de dømmer, når de bruker lengdemål, vekt eller holmål.
36. Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal de bruka. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut frå Egypt.
37. De skal halda alle forskriftene og lovene mine og leva etter dei! Eg er Herren.