3. Mosebok 19:2-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Tal til heile Israels forsamling og sei til dei: De skal vera heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er heilag.

3. Kvar og ein skal ha age for mor si og far sin, og de skal halda sabbatane mine. Eg er Herren dykkar Gud.

4. De skal ikkje venda dykk til avgudane og ikkje laga dykk støypte gudebilete. Eg er Herren dykkar Gud.

5. Når de vil ofra eit fredsoffer for Herren, skal de ofra slik at de kan vinna velvilje.

6. Kjøtet skal etast same dagen som de ofrar, eller dagen etter. Det som er att til tredje dagen, skal brennast.

7. Det må ikkje etast av offeret den tredje dagen. Då er det ureint og kan ikkje gje velvilje.

8. Den som et det, fører skuld over seg, for han har vanhelga det som var heilagt for Herren. Han skal støytast ut frå folket sitt.

9. Når de haustar inn korn i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att når du har hausta, skal du ikkje sanka saman.

10. På vinmarka skal du ikkje sanka dei druene som heng att, eller plukka dei som er neddotne. Du skal la dei vera att til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.

11. De skal ikkje stela, og de skal ikkje lyga, og de skal ikkje fara med svik mot landsmenn.

12. De skal ikkje sverja falskt ved namnet mitt; for då vanhelgar du namnet til din Gud. Eg er Herren.

3. Mosebok 19