18. Du skal ikkje ta hemn og ikkje bera agg til landsmennene dine, men du skal elska nesten din som deg sjølv. Eg er Herren.
19. De skal halda forskriftene mine: Du skal ikkje la to husdyr av ulikt slag para seg. Du skal ikkje så to ulike slag i åkeren din. Klede som er vovne av to ulike slag tråd, skal du ikkje ha på deg.
20. Det kan henda at ein mann har samleie med ei kvinne. Ho er ei slavekvinne som er lova bort til ein annan mann, men er enno ikkje frikjøpt eller frigjeven. Då skal det straffast. Dei skal ikkje døy, for ho er ikkje fri,
21. men han skal koma med eit skuldoffer til Herren, ein vêr, til inngangen til teltheilagdomen.
22. Med skuldoffervêren skal presten for Herrens andlet gjera soning for han og for den synda han har gjort. Så får han tilgjeving for synda han har gjort.
23. Når de kjem inn i landet og plantar allslags tre til å eta av, skal de halda den første frukta dei ber, for urein. I tre år skal frukta vera urein for dykk og ikkje etast.
24. Det fjerde året skal all frukt helgast til Herren på ei gledehøgtid.
25. Først i det femte året kan de eta frukta. Såleis får de større avling. Eg er Herren dykkar Gud.
26. De skal ikkje eta noko med blodet i.De skal ikkje driva med spådomskunster og teikntyding.
27. De skal ikkje runda av håret på sidene og raka skjegget i kantane.
28. De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er Herren.
29. Du skal ikkje vanhelga dotter di ved å la henne prostituera seg, slik at landet driv hor og blir fullt av skamløyse.