12. Så skal han fylla glopanna med glør frå altaret framfor Herrens andlet, og ta to fulle nevar med finstøytt, velluktande røykjelse og bera det innanfor forhenget.
13. Han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens andlet så skya av røykjelsen gøymer soningsstaden som er over vitnemålet; elles må han døy.
14. Så skal han ta litt av okseblodet og skvetta det med fingeren mot soningsstaden, på austsida. Framfor soningsstaden skal han sju gonger skvetta litt blod med fingeren.
15. Så skal han slakta den syndofferbukken som er for folket, og bera blodet innanfor forhenget. Han skal gjera med blodet som han gjorde med blodet av oksen: skvetta det på soningsstaden og framfor soningsstaden.
16. Han skal gjera soning for heilagdomen på grunn av ureinskapen til israelittane, lovbrota og alle syndene deira. Såleis skal han gjera med teltheilagdomen, som står hos dei midt i ureinskapen deira.
17. Det må ikkje finnast noko menneske i teltheilagdomen frå Aron går inn for å gjera soning i heilagdomen, og til han kjem ut att. Han skal gjera soning for seg og sitt hus og for heile Israels forsamling.
18. Så skal han gå ut til altaret som står for Herrens andlet, og gjera soning for det. Han skal ta litt av okseblodet og litt av bukkeblodet og stryka det rundt om på altarhorna.
19. Sju gonger skal han skvetta noko av blodet på altaret med fingeren, reinsa det frå ureinskapen til israelittane og gjera det heilagt.
20. Når Aron har fullført soninga for den heilage staden, teltheilagdomen og altaret, skal han leia fram den levande bukken,
21. leggja begge hendene på hovudet til bukken og sanna over han heile skulda til israelittane, alle lovbrota og syndene deira. Han skal leggja dei på hovudet til bukken. Så skal han la ein mann som står ferdig, senda han ut i ørkenen.
22. Bukken skal bera alle syndene deira ut i villmarka. Bukken skal sendast ut i ørkenen.
23. Så skal Aron gå inn i teltheilagdomen og ta av seg linkleda som han hadde på då han gjekk inn i heilagdomen, og han skal leggja dei der.
24. Han skal vaska kroppen med vatn på ein heilag stad, ta på seg sine eigne klede og så gå ut og laga til sitt eige brennoffer og brennofferet for folket. Han skal gjera soning for seg og for folket.
25. Han skal la feittet av syndofferet gå opp i røyk på altaret.
26. Den mannen som sende bukken ut til Asasel, skal vaska kleda sine og kroppen med vatn. Så kan han få koma inn i leiren.
27. Når blodet er bore inn i heilagdomen til soning, skal syndofferoksen og syndofferbukken førast ut av leiren, og skinnet og kjøtet og mageinnhaldet skal brennast.
28. Den som brenner det, skal vaska kleda sine og kroppen med vatn. Så kan han koma inn i leiren.