3. Mosebok 10:8-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Herren sa til Aron:

9. «Vin eller sterk drikk må du og sønene dine ikkje drikka når de går inn i teltheilagdomen, for då skal de døy. Dette er ei evig forskrift gjennom alle slekter

10. så de kan skilja mellom heilagt og ikkje heilagt, mellom ureint og reint,

11. og læra israelittane alle dei forskriftene som Herren har kunngjort for dei gjennom Moses.»

12. Moses sa til Aron og til Elasar og Itamar, dei sønene som var att: «Ta det grødeofferet som er att av Herrens gåveoffer, og et det usyra ved altaret! For høgheilagt er det.

13. De skal eta det på ein heilag stad. For det er den fastsette delen for deg og sønene dine av Herrens gåveoffer. Det har eg fått påbod om.

14. Brystet som blir svinga og låret som blir gjeve i offergåve, skal de òg eta på ein rein stad, du og sønene og døtrene dine. For det er den fastsette delen for deg og borna dine av fredsoffera til israelittane.

15. Låret som blir gjeve i offergåve, og brystet som blir svinga, skal de bera fram saman med feittet av gåveofferet og svinga det som eit svingeoffer for Herrens andlet. Det skal vera den fastsette delen for deg og borna dine for alltid, slik Herren har bode.»

16. Men Moses spurde etter syndofferbukken, og sjå, han var oppbrend! Då vart han sint på Elasar og Itamar, dei av Arons søner som var att, og sa:

17. «Kvifor har de ikkje ete syndofferet på den heilage staden? Det er då eit høgheilagt offer! Det har Herren gjeve dykk for å ta bort skulda frå forsamlinga og gjera soning for dei for Herrens andlet.

18. Blodet vart ikkje ført til det indre av heilagdomen. De skulle jo ha ete offerkjøtet i heilagdomen, slik eg har bode!»

3. Mosebok 10