3. Mosebok 10:17-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. «Kvifor har de ikkje ete syndofferet på den heilage staden? Det er då eit høgheilagt offer! Det har Herren gjeve dykk for å ta bort skulda frå forsamlinga og gjera soning for dei for Herrens andlet.

18. Blodet vart ikkje ført til det indre av heilagdomen. De skulle jo ha ete offerkjøtet i heilagdomen, slik eg har bode!»

19. Då sa Aron til Moses: «I dag har dei bore fram syndofferet og brennofferet sitt framfor Herrens andlet, og sjå kva som har råka meg! Om eg hadde ete syndoffer i dag, ville det ha vore rett i Herrens auge?»

3. Mosebok 10