3. Mosebok 10:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Arons søner Nadab og Abihu tok kvar si glopanne, gjorde opp eld i dei, la røykjelse på elden og bar uvigsla eld fram for Herrens andlet. Det hadde han ikkje bode dei.

2. Då fór det ut eld frå Herren og brende dei opp, og dei døydde framfor Herrens andlet.

3. Og Moses sa til Aron: «Dette var det Herren tala om då han sa: På dei som er meg nær, viser eg meg heilag; framfor heile folket viser eg min herlegdom.» Då tagde Aron.

4. Men Moses kalla på Misjael og Elsafan, sønene til Ussiel, Arons onkel, og sa til dei: «Kom hit og ber brørne dykkar bort frå heilagdomen og utanfor leiren!»

5. Dei kom og bar dei ut av leiren med kjortlane på, som Moses hadde sagt.

6. Då sa Moses til Aron og til Elasar og Itamar, sønene hans: «De skal ikkje la håret hanga fritt eller riva sund kleda, for då skal de døy, og Herrens vreide kjem til å råka heile forsamlinga. Men brørne dykkar, heile Israels hus, skal gråta over den elden som Herren har tent.

3. Mosebok 10