1. Arons søner Nadab og Abihu tok kvar si glopanne, gjorde opp eld i dei, la røykjelse på elden og bar uvigsla eld fram for Herrens andlet. Det hadde han ikkje bode dei.
2. Då fór det ut eld frå Herren og brende dei opp, og dei døydde framfor Herrens andlet.
3. Og Moses sa til Aron: «Dette var det Herren tala om då han sa: På dei som er meg nær, viser eg meg heilag; framfor heile folket viser eg min herlegdom.» Då tagde Aron.
4. Men Moses kalla på Misjael og Elsafan, sønene til Ussiel, Arons onkel, og sa til dei: «Kom hit og ber brørne dykkar bort frå heilagdomen og utanfor leiren!»