5. Hugsar de ikkje at eg sa dette då eg var hos dykk?
6. Og de veit kva som no held han att, så han først openberrar seg når hans tid kjem.
7. Lovløysa er alt verksam med si kraft, men i løyndom, for han som enno held att, må først ryddast av vegen.
8. Då skal den lovlause syna seg, han som Herren Jesus skal drepa med pusten frå sin munn og gjera til inkjes den dagen han kjem i herlegdom.