2. Samuelsbok 8:5-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen av Soba. Men David felte 22 000 av dei.

6. David sette ut vaktpostar i Aram-Damaskus. Dei vart slavar for David og laut betala skatt til han. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.

7. David tok gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.

8. Frå Betah og Berotai, to byar som høyrde Hadadeser til, tok kong David bronse i store mengder.

9. Då To'i, kongen i Hamat, høyrde at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser,

2. Samuelsbok 8