1. Alle Israels stammar kom til David i Hebron og sa: «Sjå, vi er av same bein og kjøt som du.
2. Alt for lenge sidan, då Saul var konge over oss, var det du som førte Israel både ut og heim att. Herren har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»
3. Då kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. Kong David gjorde ei pakt med dei i Hebron for Herrens andlet. Og dei salva David til konge over Israel.
4. David var tretti år gammal då han vart konge, og han styrte i førti år.
5. I Hebron var han konge over Juda i sju år og seks månader, og i Jerusalem var han konge over heile Israel og Juda i trettitre år.
6. Kongen og mennene hans drog no til Jerusalem, mot jebusittane som budde der i landet. Men dei sa til David: «Her kjem du aldri inn! Halte og blinde skal driva deg bort og seia: Her kjem David aldri inn!»
7. David tok likevel Sion-borga, som no er Davidsbyen.
8. Den dagen sa David: «Kvar den som drep ein jebusitt, desse halte og blinde som hatar David, skal koma fram til vass-sjakta.» Difor heiter det: «Ein blind eller halt får ikkje koma inn i tempelet.»
9. David slo seg ned i borga og kalla henne Davidsbyen. Han bygde omkring henne, frå Millo og innover.
10. David fekk stadig større makt, for Herren, allhærs Gud, var med han.
11. Hiram, kongen i Tyros, sende utsendingar til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg tømrarar og steinhoggarar. Dei bygde eit slott for David.
12. Då skjøna David at Herren hadde stadfest kongedømet hans over Israel og lyft kongsveldet hans høgt for sitt folk Israels skuld.
13. Etter at David hadde flytt frå Hebron, tok han seg fleire følgjekoner og koner frå Jerusalem, og han fekk endå fleire søner og døtrer.