2. Samuelsbok 3:37-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. Den dagen skjøna alle, ja, heile Israel, at det ikkje var kongen som stod bak drapet på Abner, son til Ner.

38. Kongen sa til mennene sine: «De skjønar vel at i dag er det falle ein hovding og stormann i Israel.

39. Enno er eg for veik, sjølv om eg er salva til konge. Og desse mennene, Seruja-sønene, er for sterke for meg. Gjev Herren må løna ugjerningsmannen for det vonde han har gjort!»

2. Samuelsbok 3