2. Samuelsbok 24:21-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Aravna spurde: «Kvifor kjem du hit til tenaren din, herre konge?» David svara: «Eg vil kjøpa treskjevollen av deg og byggja eit altar for Herren der, så pesten kan halda opp å herja i folket.»

22. Då sa Aravna til David: «Min herre kongen må berre ta han og ofra kva han vil! Sjå, oksane er til brennoffer og treskjesledane og åket til oksane til ved.

23. Alt dette, konge, vil Aravna gje til kongen.» Og han la til: «Måtte Herren din Gud visa velvilje mot deg!»

24. Men kongen sa til Aravna: «Nei, eg vil kjøpa det av deg til full pris. Eg vil ikkje bera fram for Herren min Gud brennoffer som eg har fått for inkje.» Så kjøpte David treskjevollen og oksane for femti sjekel sølv.

25. Der bygde David eit altar for Herren og bar fram brennoffer og fredsoffer. Då høyrde Herren bønene for landet, og pesten heldt opp å herja i Israel.

2. Samuelsbok 24