2. Samuelsbok 22:12-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Han gjorde mørkret til sitt telt,hadde svarte, regntunge skyer kring seg.

13. Gneistar og glør loga oppfrå stråleglansen framfor han.

14. Herren torna frå himmelen,Den høgste lét røysta lyda.

15. Han skaut sine piler og spreidde dei,han skremde dei med lyn.

16. Rennene på havbotnen kom til syne,grunnvollane under jorda viste segdå Herren truga,då han fnyste av vreide.

17. Han rette ut handa frå det høge og greip meg,drog meg opp or veldige vatn.

18. Han berga meg frå min mektige fiendedå dei som hata meg, var for sterke.

19. På ulukkedagen kom dei imot meg,men Herren var mi støtte.

20. Han førte meg ut i ope landog fria meg ut, for han har glede i meg.

21. Herren gav meg att for mi rettferd,han lønte meg, for mine hender var reine.

22. Eg hadde halde meg til Herrens vegarog ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud.

23. Alle hans lover hadde eg for auge,eg veik ikkje av frå hans forskrifter.

24. For han var eg heil i mi ferd,eg akta meg vel for å synda.

25. Herren lønte meg for mi rettferddå han såg at eg var rein.

26. Du er trufast mot den som er tru,heilhjarta mot kvar heilhjarta krigar.

27. Du viser deg rein mot den som er rein,men vrang mot den som fer med svik.

28. Du frelser eit folk i naud,men auga dine er vende mot dei stolte,du audmjukar dei.

2. Samuelsbok 22