1. I Davids styringstid var det ein gong hungersnaud i tre samfulle år. Då søkte David råd hos Herren. Herren svara: «Det kviler blodskuld på Saul og hans hus fordi han drap folk i Gibeon.»
2. Kongen kalla då til seg gibeonittane og tala med dei. Gibeonittane var ikkje israelittar, men høyrde til dei amorittane som var att i landet. Endå israelittane hadde lova å skåna dei, hadde Saul prøvd å drepa dei, ihuga som han var for israelittane og judearane.
3. David sa til mennene frå Gibeon: «Kva skal eg gjera for dykk, og korleis kan eg gjera soning så de kan velsigna landet Herren eig?»
4. Gibeonittane svara: «Sølv eller gull frå Saul og hans hus løyser ikkje denne saka, og vi har ikkje rett til å drepa nokon i Israel.» Kongen spurde: «Kva vil de så at eg skal gjera for dykk?»
5. Dei svara: «Det gjeld den mannen som ville gjera ende på oss og sette seg føre å rydda oss ut frå Israels område.
6. Lat oss få sju av etterkomarane hans, så skal vi avretta dei for Herren i Gibea, heimbyen til Saul, Herrens utvalde.» Då sa kongen: «De skal få dei.»
7. Men kongen sparte Mefibosjet, son til Jonatan, son til Saul, fordi David og Jonatan, son til Saul, hadde svore kvarandre ein eid ved Herren.
8. Kongen tok dei to sønene som Saul hadde fått med Rispa, dotter av Ajja, Armoni og Mefibosjet, og dei fem sønene som Mikal, dotter av Saul, hadde fått med Adriel, son til Barsillai frå Mehola.