25. Der samla benjaminittane seg i fylking bak Abner og stilte seg på toppen av ein haug.
26. Abner ropa til Joab: «Skal sverdet aldri halda opp å eta? Skjønar du ikkje korleis dette kjem til å enda med sorg? Kor lenge vil du venta før du seier til krigsfolket ditt at dei skal slutta å forfølgja frendane sine?»
27. Joab svara: «Så sant Gud lever: Hadde du ikkje sagt dette, ville folket først i morgon ha slutta å forfølgja brørne sine.»
28. Så bles Joab i hornet, og alt krigsfolket hans stoppa. Dei forfølgde ikkje israelittane lenger og heldt ikkje fram med striden.
29. Abner og mennene hans gjekk over Araba-sletta heile natta. Dei sette over Jordan og gjekk gjennom fjellkløfta til dei kom fram til Mahanajim.
30. Då Joab hadde halde opp med å forfølgja Abner, samla han krigsfolket. Forutan Asael mangla det nitten av mennene til David.