2. Samuelsbok 2:15-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Så reiste dei seg og gjekk fram. Det var tolv i talet frå kvar side, tolv frå Benjamin, av mennene til Isjbosjet, son til Saul, og tolv av mennene til David.

16. Dei greip kvarandre i hovudet og stakk sverdet i sida på kvarandre, og slik fall dei alle saman. Sidan har denne staden vore kalla Helkat-Hassurim, «Sverdegg-marka». Ho ligg ved Gibeon.

17. Den dagen vart det ein veldig kamp. Abner og israelittane vart slegne av mennene til David.

18. Dei tre sønene til Seruja, Joab, Abisjai og Asael, var med der. Asael var lett på foten som ein gasell i marka.

19. Han sette etter Abner og bøygde ikkje av til høgre eller venstre, men heldt seg heile tida i hælane på Abner.

20. Abner snudde seg og sa: «Er det du, Asael?» «Ja», svara han.

21. Då sa Abner til han: «Bøy av til kva side du vil, grip ein av unggutane og ta rustninga hans.» Men Asael ville ikkje slutta å forfølgja han.

22. Endå ein gong ropa Abner til Asael: «Hald opp med å følgja etter meg! Kvifor skulle eg slå deg i bakken? Korleis skulle eg då kunna sjå Joab, bror din, i auga?»

23. Men han ville ikkje halda opp. Då støytte Abner spydskaftet inn i magen hans så det gjekk ut gjennom ryggen på han, og han fall om og døydde på staden. Alle som kom til den staden der Asael var fallen og døydde, stoppa opp der.

24. Men Joab og Abisjai heldt fram med å forfølgja Abner. Då sola gjekk ned, var dei komne til Amma-haugen, som ligg beint imot Giah, på vegen til ørkenen ved Gibeon.

25. Der samla benjaminittane seg i fylking bak Abner og stilte seg på toppen av ein haug.

2. Samuelsbok 2