4. Kongen heldt kappa for andletet og ropa høgt: «Absalom, son min! Absalom, son min, son min!»
5. Då gjekk Joab inn i huset til kongen og sa til han: «I dag har du ført skam over alle mennene dine, dei som i dag har berga både livet ditt og livet til sønene og døtrene, konene og følgjekonene dine.
6. Du elskar dei som hatar deg, og hatar dei som elskar deg. For i dag har du vist at du ikkje bryr deg om førarane eller stridsmennene dine. Eg skjønar no at om Absalom hadde levd i dag og alle vi andre var døde, så hadde du tykt det var som det skulle vera.
7. Stå no opp og gå ut og tal venleg til mennene dine! For eg sver ved Herren at går du ikkje ut, kjem ikkje ein mann til å bli verande hos deg natta over. Og det ville vera ei større ulukke for deg enn alle dei andre ulukkene som har kome over deg frå du var ung og til no.»
8. Då reiste kongen seg og sette seg i porten. Alt folket fekk vita at kongen sat i porten, og dei kom og gjekk fram for han.Israelittane hadde rømt, kvar til sitt.
9. Då tok folket i alle Israel-stammane til å gå i rette med kvarandre. Dei sa: «Det var kongen som berga oss frå fiendane våre og fria oss frå filistarhand. No har han rømt landet for Absalom.
10. Men Absalom, som vi salva til konge over oss, er fallen i krigen. Kvifor gjer de då ingenting for å henta kongen heim att?»
11. Kong David fekk vita kva alle israelittane tala om. Då sende han bod til prestane Sadok og Abjatar med desse orda: «Tal til dei eldste i Juda og sei: Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att?
12. De er då brørne mine, av same kjøt og bein som eg. Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att?
13. Og til Amasa skal de seia: Er ikkje du av same bein og kjøt som eg? Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje du heretter skal vera min hærførar i staden for Joab.»
14. Slik vann han hjartet til judearane, alle som ein. Dei sende bod til kongen og sa: «Kom att, både du og alle mennene dine!»
15. Så gav kongen seg på heimveg, og han kom til Jordan. Judearane var alt komne til Gilgal for å ta imot han og føra han over Jordan.
16. Sjimi, son til Gera, som høyrde til Benjamin-stammen og var frå Bahurim, skunda seg nedover saman med judearane for å møta kong David.
17. Han hadde med seg tusen mann frå Benjamin. Siba, som var i teneste i Sauls hus, kom med dei femten sønene og tjue tenarane sine. Dei hadde skunda seg til Jordan før kongen kom dit.