2. Samuelsbok 19:27-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. I staden baktala han meg, herre konge. Men du er som ein Guds engel, herre konge. Gjer som du tykkjer best.

28. For heile huset til far min har ikkje fortent noko anna enn døden av deg, herre konge. Likevel har du sett tenaren din mellom dei som et ved ditt bord. Kva meir har eg då å krevja eller å klaga til kongen for?»

29. Kongen svara: «Du treng ikkje seia meir. Mitt ord er at du og Siba skal dela jordeigedomen.»

30. Då sa Mefibosjet til kongen: «Han kan gjerne få alt saman, sidan du er komen vel heim att, herre konge.»

31. Barsillai frå Gilead var komen ned frå Rogelim og hadde følgt kongen til Jordan. Der ville han ta avskil med han.

32. Barsillai var ein gammal mann, åtti år. Det var han som hadde sytt for mat og drikke til kongen i Mahanajim, for han var svært rik.

33. Kongen sa til Barsillai: «Ver med meg, så skal eg syta for deg hos meg i Jerusalem.»

34. Men Barsillai svara: «Eg har vel ikkje så mange dagar og år att å leva at eg skulle fara med kongen opp til Jerusalem?

35. Eg er no åtti år gammal. Kan eg lenger skilja mellom godt og vondt? Kan tenaren din kjenna smaken på det han et og drikk? Eg høyrer ikkje lenger røysta av songarar og songarinner. Kvifor skulle så tenaren din vera til bry for deg, herre konge?

36. Tenaren din vil følgja kongen eit lite stykke over Jordan. Kvifor skulle du løna meg så godt for det, konge?

37. Lat heller tenaren din fara heim att, så eg kan døy i min eigen by, der far min og mor mi har si grav. Men her er Kimham, tenaren din. Lat han få vera med deg, herre konge, og gjer med han som du synest.»

38. Då sa kongen: «Kimham kan vera med meg, og eg skal gjera med han som du synest. Alt du ønskjer, skal eg gjera for deg.»

2. Samuelsbok 19