19. og sa: «Herre, krev meg ikkje til rekneskap! Gløym, herre konge, det vonde tenaren din gjorde den dagen du drog bort frå Jerusalem. Tenk ikkje meir på det, konge!
20. For eg, tenaren din, veit at eg har synda. Men i dag er eg den første av Josefs hus som kjem ned for å møta deg, herre konge.»
21. Då tok Abisjai, son til Seruja, til orde og sa: «Må ikkje Sjimi lata livet, han som har forbanna Herrens salva?»
22. Men David svara: «Kva har eg med dykk å gjera, Seruja-søner. Kvifor er de imot meg i dag? I dag skal ingen mann mista livet i Israel. For no veit eg at eg er konge over Israel.»
23. Så sa kongen til Sjimi: «Du skal ikkje døy.» Og det svor han på.
24. Mefibosjet, etterkomaren til Saul, var òg komen ned og ville møta kongen. Han hadde ikkje stelt føtene og ikkje stelt barten og ikkje vaska kleda frå den dagen kongen drog bort og til han kom trygt tilbake.
25. Då han kom frå Jerusalem og møtte kongen, sa kongen til han: «Kvifor vart du ikkje med meg, Mefibosjet?»
26. «Tenaren min narra meg, herre konge», svara han. «Eg bad han sala eselet mitt, så eg kunne ri på det og følgja kongen; du veit eg er halt.
27. I staden baktala han meg, herre konge. Men du er som ein Guds engel, herre konge. Gjer som du tykkjer best.
28. For heile huset til far min har ikkje fortent noko anna enn døden av deg, herre konge. Likevel har du sett tenaren din mellom dei som et ved ditt bord. Kva meir har eg då å krevja eller å klaga til kongen for?»
29. Kongen svara: «Du treng ikkje seia meir. Mitt ord er at du og Siba skal dela jordeigedomen.»
30. Då sa Mefibosjet til kongen: «Han kan gjerne få alt saman, sidan du er komen vel heim att, herre konge.»