2. Samuelsbok 19:11-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Kong David fekk vita kva alle israelittane tala om. Då sende han bod til prestane Sadok og Abjatar med desse orda: «Tal til dei eldste i Juda og sei: Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att?

12. De er då brørne mine, av same kjøt og bein som eg. Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att?

13. Og til Amasa skal de seia: Er ikkje du av same bein og kjøt som eg? Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje du heretter skal vera min hærførar i staden for Joab.»

14. Slik vann han hjartet til judearane, alle som ein. Dei sende bod til kongen og sa: «Kom att, både du og alle mennene dine!»

15. Så gav kongen seg på heimveg, og han kom til Jordan. Judearane var alt komne til Gilgal for å ta imot han og føra han over Jordan.

16. Sjimi, son til Gera, som høyrde til Benjamin-stammen og var frå Bahurim, skunda seg nedover saman med judearane for å møta kong David.

17. Han hadde med seg tusen mann frå Benjamin. Siba, som var i teneste i Sauls hus, kom med dei femten sønene og tjue tenarane sine. Dei hadde skunda seg til Jordan før kongen kom dit.

18. No sette dei over vadestaden for å hjelpa kongefamilien over og stå til teneste for dei. Med det same kongen skulle fara over Jordan, fall Sjimi, son til Gera, ned for han

19. og sa: «Herre, krev meg ikkje til rekneskap! Gløym, herre konge, det vonde tenaren din gjorde den dagen du drog bort frå Jerusalem. Tenk ikkje meir på det, konge!

20. For eg, tenaren din, veit at eg har synda. Men i dag er eg den første av Josefs hus som kjem ned for å møta deg, herre konge.»

21. Då tok Abisjai, son til Seruja, til orde og sa: «Må ikkje Sjimi lata livet, han som har forbanna Herrens salva?»

22. Men David svara: «Kva har eg med dykk å gjera, Seruja-søner. Kvifor er de imot meg i dag? I dag skal ingen mann mista livet i Israel. For no veit eg at eg er konge over Israel.»

23. Så sa kongen til Sjimi: «Du skal ikkje døy.» Og det svor han på.

2. Samuelsbok 19