2. Samuelsbok 18:18-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Medan Absalom levde, hadde han reist seg ein stein i Kongsdalen. «For eg har ingen son som kan halda oppe minnet om namnet mitt», sa han. Difor gav han steinen namn etter seg, og Absaloms minnestein heiter steinen den dag i dag.

19. Ahimaas, son til Sadok, sa til Joab: «Lat meg få springa til kongen med den gode bodskapen at Herren har hjelpt han til hans rett og fria han frå fiendane.»

20. Men Joab svara: «Nei, i dag kan du ikkje bera gledebod. Ein annan gong kan du gå med gledebod, men ikkje i dag; for son til kongen er død.»

21. Så sa Joab til ein mann frå Kusj: «Gå og fortel kongen det du har sett!» Kusjitten bøygde seg for Joab, og så sprang han av stad.

22. Men Ahimaas, son til Sadok, tok til orde att og sa til Joab: «Det får gå som det vil, men lat meg få springa av stad etter kusjitten!» Joab svara: «Kvifor vil du det, guten min? Dette er då ikkje noko gledebod som du kan venta løn for.»

23. Han sa: «Det får gå som det vil; eg spring av stad.» «Så spring då!» sa Joab. Så sprang Ahimaas den vegen som går over Jordan-sletta og kom føre kusjitten.

24. Imedan sat David i portrommet. Vaktmannen på taket av porten gjekk over til bymuren. Der såg han utover og fekk auge på ein mann som kom springande åleine.

25. Vaktmannen ropa ned til kongen og sa frå om det. Kongen sa: «Er han åleine, kjem han med god bodskap.» Mannen kom nærare og nærare.

26. Då fekk vaktmannen sjå ein annan mann som kom springande, og han ropa ned til portvakta: «Sjå, der kjem endå ein springande åleine!» Kongen sa: «Han òg kjem med god bodskap.»

27. Då sa vaktmannen: «Eg tykkjer den første spring så likt Ahimaas, son til Sadok.» Kongen svara: «Han er ein god mann og kjem nok med gledebod.»

28. Ahimaas ropa til kongen: «Ver helsa!» Så kasta han seg ned for kongen med andletet mot jorda og sa: «Velsigna er Herren din Gud, som har late deg vinna over dei mennene som lyfte si hand mot deg, herre konge.»

2. Samuelsbok 18