2. Samuelsbok 16:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. David hadde så vidt runda åsryggen då Siba, som var tenestemann hos Mefibosjet, kom imot han med eit par kløvesel. Dei var lasta med to hundre brød, hundre rosinkaker, hundre stykke sommarfrukt og ein skinnsekk med vin.

2. Kongen sa til Siba: «Kva har du der?» Siba svara: «Esla skal kongefamilien ha til å ri på, brødet og frukta skal vera til mat for dei unge mennene, og vinen skal dei drikka, dei som går seg trøytte i ørkenen.»

3. Kongen spurde: «Men kvar er son til herren din?» Siba svara: «Han er framleis i Jerusalem. Han seier: I dag vil israelittane gje meg att kongedømet til far min.»

4. Då sa kongen til Siba: «Alt det Mefibosjet eig, skal vera ditt.» Siba svara: «Eg bøyer meg djupt! Måtte eg alltid ha din velvilje, min herre konge!»

5. Då kong David nådde fram til Bahurim, kom det ein mann ut av byen. Mannen var i slekt med Saul. Han heitte Sjimi og var son til Gera. Medan han gjekk, forbanna han David.

6. Og han kasta stein både etter kongen og alle mennene hans, endå heile hæren og alle krigsheltane gjekk med han, somme på høgre og somme på venstre sida.

7. Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din mordar, du vonde menneske!

8. No gjev Herren deg att for alt blodet i Sauls hus. Du tok kongedømet frå han, men Herren har gjeve det til Absalom, son din. No har ulukka ramma deg, din mordar!»

9. Då sa Abisjai, son til Seruja, til kongen: «Kvifor skal denne daude hunden forbanna min herre kongen? Lat meg få gå bort og hogga hovudet av han.»

2. Samuelsbok 16