2. Samuelsbok 15:4-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Og så sa han: «Gjev dei ville setja meg til dommar i landet! Då kunne alle som hadde ei trette eller ei sak, koma til meg, og eg skulle hjelpa dei til å få sin rett.»

5. Når nokon kom bort og ville kasta seg ned for han, rette han ut handa, reiste han opp og kyste han.

6. Slik gjorde Absalom med alle israelittar som kom til kongen og ville få dom i ei sak, og på den måten stal han hjartet til israelittane.

7. Då fire år var lidne, sa Absalom til kongen: «Lat meg få fara til Hebron og halda den lovnaden eg har gjeve Herren!

8. For då eg budde i Gesjur i Aram, gav tenaren din denne lovnaden: Fører Herren meg heim att til Jerusalem, vil eg ofra til han.»

9. Kongen svara: «Far i fred!» Og Absalom fór straks til Hebron.

10. Samstundes sende han i løynd folk rundt til alle Israel-stammane med det bodet: «Når de høyrer hornet ljoma, skal de ropa: Absalom har vorte konge i Hebron!»

11. To hundre mann tok ut frå Jerusalem saman med Absalom. Dei var kalla ut og gjekk i god tru utan å ana uråd.

12. Medan Absalom bar fram slaktoffera, sende han bod etter Ahitofel frå Gilo, rådgjevaren til David, som var i heimbyen sin. Samansverjinga auka i styrke, og det samla seg meir og meir folk om Absalom.

13. Det kom ein bodberar til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hjartet sitt til Absalom.»

14. Då sa David til alle dei mennene han hadde hos seg i Jerusalem: «Kom, lat oss rømma! På annan måte kan vi ikkje sleppa unna Absalom. Skund dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og slår byen med sverd.»

15. Kongsmennene svara: «Tenarane dine vil gjera alt vår herre kongen ønskjer.»

16. Så tok kongen ut til fots med heile sitt hus. Berre ti følgjekoner lét han vera att for å sjå etter kongeborga.

17. Kongen og heile hæren tok ut til fots. Dei stogga ved det siste huset.

18. Alle kongsmennene gjekk forbi han. Alle kretarane og pletarane og alle dei seks hundre mennene som hadde følgt han frå Gat, gjekk forbi framfor kongen.

19. Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Vend attende og ver hos den nye kongen! For du er ein framand her og ein som sjølv er driven i eksil frå heimstaden din.

2. Samuelsbok 15