2. Samuelsbok 15:19-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Vend attende og ver hos den nye kongen! For du er ein framand her og ein som sjølv er driven i eksil frå heimstaden din.

20. Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje sjølv kvar eg skal gå. Snu om, og ta landsmennene dine med deg tilbake. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!»

21. Men Ittai svara kongen: «Så sant Herren lever, og min herre kongen lever, der min herre kongen er, der vil tenaren din òg vera, anten det ber til liv eller død.»

22. Då sa David til Ittai: «Så gå forbi, du òg!» Og Ittai frå Gat gjekk forbi med alle mennene sine og alle kvinnene og borna deira.

23. Alle gret høgt då hæren gjekk forbi. Kongen kryssa Kedron-bekken, og heile hæren gjekk forbi og tok vegen mot ørkenen.

24. No kom Sadok òg med alle levittane som bar Guds paktkiste. Dei sette kista ned, og Abjatar bar fram offer heilt til heile hæren hadde fare ut av byen.

2. Samuelsbok 15