10. Samstundes sende han i løynd folk rundt til alle Israel-stammane med det bodet: «Når de høyrer hornet ljoma, skal de ropa: Absalom har vorte konge i Hebron!»
11. To hundre mann tok ut frå Jerusalem saman med Absalom. Dei var kalla ut og gjekk i god tru utan å ana uråd.
12. Medan Absalom bar fram slaktoffera, sende han bod etter Ahitofel frå Gilo, rådgjevaren til David, som var i heimbyen sin. Samansverjinga auka i styrke, og det samla seg meir og meir folk om Absalom.
13. Det kom ein bodberar til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hjartet sitt til Absalom.»
14. Då sa David til alle dei mennene han hadde hos seg i Jerusalem: «Kom, lat oss rømma! På annan måte kan vi ikkje sleppa unna Absalom. Skund dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og slår byen med sverd.»
15. Kongsmennene svara: «Tenarane dine vil gjera alt vår herre kongen ønskjer.»
16. Så tok kongen ut til fots med heile sitt hus. Berre ti følgjekoner lét han vera att for å sjå etter kongeborga.
17. Kongen og heile hæren tok ut til fots. Dei stogga ved det siste huset.
18. Alle kongsmennene gjekk forbi han. Alle kretarane og pletarane og alle dei seks hundre mennene som hadde følgt han frå Gat, gjekk forbi framfor kongen.
19. Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Vend attende og ver hos den nye kongen! For du er ein framand her og ein som sjølv er driven i eksil frå heimstaden din.
20. Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje sjølv kvar eg skal gå. Snu om, og ta landsmennene dine med deg tilbake. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!»
21. Men Ittai svara kongen: «Så sant Herren lever, og min herre kongen lever, der min herre kongen er, der vil tenaren din òg vera, anten det ber til liv eller død.»
22. Då sa David til Ittai: «Så gå forbi, du òg!» Og Ittai frå Gat gjekk forbi med alle mennene sine og alle kvinnene og borna deira.
23. Alle gret høgt då hæren gjekk forbi. Kongen kryssa Kedron-bekken, og heile hæren gjekk forbi og tok vegen mot ørkenen.
24. No kom Sadok òg med alle levittane som bar Guds paktkiste. Dei sette kista ned, og Abjatar bar fram offer heilt til heile hæren hadde fare ut av byen.