1. Joab, son til Seruja, skjøna at kongen lengta etter Absalom.
2. Han sende bod etter ei klok kvinne frå Tekoa og sa til henne: «Lat som om du sørgjer! Kled deg i sørgjeklede og salv deg ikkje med olje! Ber deg åt som ei kvinne som i lang tid sørgjer over ein som er død.
3. Gå så til kongen og sei dette til han!» Så fortalde Joab henne kva ho skulle seia.