2. Samuelsbok 13:36-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Ikkje før hadde han sagt det, så kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle tenarane sette òg i og gret.

37. Absalom flykta og fór til Talmai, son til Ammihur, kongen i Gesjur. Og David sørgde over sonen sin dag og natt.

38. Absalom rømde og fór til Gesjur. Der vart han verande i tre år.

39. Etter kvart heldt kongen opp å bera agg til Absalom. For han var komen over at Amnon var død.

2. Samuelsbok 13