18. Tamar hadde på seg ein forseggjord kjole, for slik gjekk kongsdøtrene kledde så lenge dei var jomfruer. Tenaren viste henne ut or huset og stengde døra etter henne.
19. Tamar strødde støv på hovudet, reiv sund den fine kjolen ho hadde på seg, og med handa på hovudet gjekk ho skrikande bort.
20. Då sa Absalom, bror hennar, til henne: «Har Amnon, bror din, vore saman med deg? Tei no stilt, syster, han er bror din. Ta deg ikkje nær av dette!» Så vart Tamar sitjande einsam og forlaten heime hos Absalom, bror sin.
21. Då David fekk høyra om dette, vart han brennande harm.
22. Sidan sa ikkje Absalom eit ord til Amnon, korkje godt eller vondt. Han hata Amnon fordi han hadde krenkt Tamar, syster hans.
23. To år etter hadde Absalom saueklipping i Baal-Hasor, som ligg nær Efraim, og han bad alle kongssønene til seg.
24. Han gjekk til kongen og sa: «No skal tenaren din klippa sauene. Vil ikkje du, konge, og tenarane dine gjera vel og vera med?»
25. Men kongen svara: «Nei, son min. Vi vil ikkje koma alle. Vi kunne vera til bry for deg.» Absalom prøvde å overtala han. Kongen ville ikkje koma, men velsigna han.
26. Då sa Absalom: «Om ikkje du vil, så lat då Amnon, bror min, få vera med.» Kongen spurde: «Kvifor skal han vera med?»
27. Men Absalom overtala han til å la både Amnon og alle dei andre kongssønene vera med han.
28. Og Absalom gav dei unge mennene sine denne ordren: «Pass på når Amnon har vorte lystig av vinen. Då skal eg seia til dykk: Hogg Amnon ned! Så drep de han. Ver ikkje redde! Det er eg som har gjeve dykk dette påbodet. Ver sterke og modige!»
29. Mennene gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt. Då sprang alle dei andre kongssønene opp, kasta seg på muldyra sine og rømde.
30. Medan dei endå var på vegen, høyrde David rykte om at Absalom hadde hogge ned alle kongssønene, og at ikkje ein av dei var att.
31. Då reiste kongen seg, reiv sund kleda sine og kasta seg mot jorda. Og alle tenarane stod der med sundrivne klede.