22. Han svara: «Så lenge guten levde, fasta eg og gret, for eg tenkte: Kven veit om ikkje Herren miskunnar seg over meg og lèt guten leva?
23. Men no som han er død, kvifor skulle eg fasta? Kan eg henta han tilbake? Ein gong må eg fara dit han er, men han kjem aldri att til meg.»
24. David trøysta Batseba, kona si. Han gjekk inn til henne og låg med henne. Ho fødde ein son som ho kalla Salomo. Herren hadde han kjær.
25. Han sende bod med profeten Natan om at guten skulle kallast Jedidja – for Herrens skuld.
26. Joab gjekk til åtak på Rabba i Ammon og tok Kongsbyen.
27. Så sende han bod til David og sa: «Eg har gjort åtak på Rabba og har teke Vassbyen òg.
28. Kall saman resten av hæren, kringset byen og ta han! Elles kjem eg til å ta byen, og mitt namn blir ropa ut over han.»
29. Då samla David heile hæren og fór til Rabba. Han gjekk til åtak på byen og tok han.
30. Han tok krona av hovudet på kongen deira. Ho var av gull og edle steinar og vog ein talent. No kom ho på Davids hovud. Frå byen tok han òg med seg eit stort hærfang.
31. Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og jernøksar eller ved teglomnane. Slik gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren.