4. David sende bod og henta henne til seg. Ho kom til han, og han låg med henne. Ho hadde nett reinsa seg etter at ho hadde vore urein. Sidan gjekk ho heim att.
5. Men kvinna hadde vorte med barn. Ho sende bod til David med orda: «Eg skal ha barn.»
6. Då sende David bod til Joab: «Lat hetitten Uria koma hit til meg.» Og Joab sende Uria til David.
7. Då Uria kom, spurde David korleis det stod til med Joab og hæren, og korleis det gjekk med krigen.
8. Så sa David til han: «Gå no heim og vask føtene dine!» Og då Uria gjekk ut frå kongeborga, sende kongen ei gåve etter han.
9. Men Uria la seg i porten til kongeborga saman med alle tenarane til kongen. Han gjekk ikkje heim.
10. Då David fekk vita at Uria ikkje hadde gått heim, sa han til han: «Har du ikkje vore på reise? Kvifor har du ikkje gått heim?»
11. Uria svara David: «Både israelittane og judearane, og paktkista med, held til i hytter. Joab, herren min, og mennene til kongen ligg i leir på open mark. Skulle eg då gå heim, eta og drikka og liggja med kona mi? Ved ditt liv, så sant du lever, det gjer eg ikkje!»